Spleiselag for Turistbåtruta på Hardangerfjorden 2026
Fot: Eli Lund Hardanger Folkeblad
Hardanger og Voss ungdomsråd
Hardanger og Voss ungdomsråd er eit regionråd for ungdom i Hardanger og Voss.
For å fremja saker som gjeld born og unge, for å ta del og vera med å skapa framtida til Hardanger og Voss, for å verta kjende med ungdommar frå heile regionen og for å verta kjende med regionen var Hardanger fyrst ute med å laga ein plattform for dei unge.
Les om Hardanger OG VOSS ungdomsråd >> Mangfaldet i Hardanger
Mangfaldet er stort i Hardanger. Hardanger er ein region med 4 kommunar der ein kan leva det gode liv nede ved fjorden eller lagt inne på Hardangervidda. Det er stor breidde i arbeidsplassar som vert tilbydd, alt frå reiseliv og landbruk, til internasjonal industri, til offentleg forvalting og lokalsjukehus. Me har eit rikt kulturliv der tilboda varierer frå gode kommunale kulturskular til internasjonalt kunstnarsenter i Ålvik. Gode lokalsamfunn er eit kjenneteikn.