Hardangerrådet

HARDANGER SITT VAREMERKE

Arne Brimi vert intervjua. Foto: Eli Lund, Hardanger folkeblad
Foto: Eli Lund, Hardanger folkeblad
Hardangerrosa
Merkevare Hardanger - vår identitet 

Hardanger er eit eineståande område i Noreg. Regionen har storslegen naturen, levande kultur, spanande historie og eit variert næringsliv.
Namnet Hardanger er allment kjent i Noreg, men har også klang ute i verda. Området er forbunde med vakkert særmerkt fjell- og fjordlandskap, norsk fruktdyrking, gjestfritt og godt utbygd reiseliv, handverk med lange og gode tradisjonar, ein vesentleg nasjonal vasskraftproduksjon, Nasjonalparkane Folgefonna og Hardangervidda samt fleire attraktive interessante museum og kulturinstitusjonar. Hardanger har også solide og nyskapande verksemder som opererer internasjonalt.

Slagordet «Fruktbare Hardanger» fortel om potensialet i regionen. Det ligg store mogelegheiter i å utnytta det gode omdøme på ein meir tidsmessig måte ved å byggja opp Merkevare Hardanger. Me har valt å byggja vidare på dei kvalitetar som alt ligg i Hardangernamnet og vidareutvikla dei.
Me vil gjerne at enkeltpersonar, små og store verksemder, organisasjonar, lag og offentlege instansar vert med på Hardangerlaget.

Me er «Fruktbare Hardanger». Å utvikla potensialet i regionen pågår heile tida. Det gode omdøme vårt gjev oss uante moglegheiter. Me byggjer vidare på og utviklar dei kvalitetane som ligg i Hardangernamnet. Mange er med , og me ønskjer fleire - enkeltpersonar, små og store verksemder, organisasjonar, lag og offentlege instansar vert med på Hardangerlaget.

Merkevareprofilen Hardanger er med å styrkjer ein sams identitet og den tydeleggjer tilknytinga til Hardanger og profileringa av Hardanger.Merkevera Hardanger logoen ser ut som ei stjerne med utspring i kjente element frå Hardanger. Me kan nemna turbinhjulet, fruktblomen, eplekjernen, iskrystallen og særleg åttebladrosa, som finns i hardangersaum, bunadsbringedukar, dåpsdukar, åkle, på hardingfela med meir Dette 8-symbolet er også eit kulturhistoriske vernemerke, for å verna menneske og verdiar mot øydeleggjande makter, på linje med Olavsrosa og Valknuten. Stjerneforma viser også at regionen opnar seg mot verda utanfor. 
Me har lukkast i å gjerea profilen til eit kjent kvalitetsmerke, som i alle samanhengar viser området sin kvalitet for tenester, varer, kultur og historie.

Merkevare Hardanger er ein paraplyprofil for å samordna merkevarebygginga av Hardanger som region, og er med å styrkjer regionen sitt omdøme og vår sterke merkevare. 
Det er viktig å understreka at merkevareprofilen ikkje skal erstatta noverande merkenamn og logoar, men forsterka interessa for eit produkt ved tilknyting til namnet Hardanger. Merket er difor diskré utforma, men tydeleg. 
Tilsvarande merking finn me t.d. på Svanen og Godt Norsk. 

Mange brukar Merkevera Hardanger i dag. Me ønskjer fleire.
Målet er at flest mogelege innbyggjarar i Hardangerkommunane skal ta i bruk identiteten. Det same gjeld små og store verksemder i regionen. Det er mange bruksmoglegheiter både digitalt og på annan måte.
Det er verdt å merkja seg at profilen er patentverna. Bruken må difor avtalast med eigar, som er 
Hardangerrådet. Bruksreglane er enkle og lite byråkratiske, Det er laga greie vedtekter for bruken av merket. Desse byggjer på tillit og sjølvdisiplin. Me må ikkje risikera at Hardangerprofilen vert misbrukt. Det skal vera eit kvalitetsmerke, og ikkje noko anna. 
Velkomen til å ta ibruk Merkevare Hardanger! 

Lisensavgift - eingongs:
Det er ei mindre eingongsavgift knytt til å nytta den visuelle profilen:
Deltakarar med 1-5 årsverk: Kr. 500 
Deltakarar med 6 - 25 årsverk: Kr. 2000 
Deltakarar med 26 - 50 årsverk: Kr. 4000 
Deltakarar med meir enn 50 årsverk: Kr. 5000 
Frivillige lag og organisasjonar kan nytta profilen gratis etter søknad og godkjenning.


Kontaktinformasjon
Hardangerrådet, Pb 78, 5782 Kinsarvik/ Kjobergbygget
www.hardanger.com 
Tlf: 489 54 550
E-post: post@hardangerraadet.no
www.hardanger.com

PROFILVARER MERKEVARE HARDANGER


 
Hardangerpose
Hardangerpose
Hardanger gåvepapir
Hardanger gåvepapir
Hardangersekk
Hardangersekk


Vedtekter for Merkevare Hardanger
Last ned pdf


Brukarlisens Merkevare Hardanger
Last ned pdf


Grafisk profil Merkevare Hardanger
Last ned pdf