Hardanger Ungdomsråd i Eidfjord

HARDANGER OG VOSS UNGDOMSRÅD

Hardanger og Ungdomsråd (HU) er landet sitt fyrste regionråd for ungdommar. Dei vart fyrste gong konstituert 10.februar 2010 i Odda.
No er det nytt råd og større region, og navnet er: Hardanger og Voss Ungdomsråd. Vedtekten vart godkjent i Hardangerrådet 22.01.2020


Rådet er samansett av leiarane og nestleiarane i dei 5 ungdomsråda i Hardanger og Voss. 
Hardanger og Voss Ungdomsråd er eit partipolitisk uavhengig organ. Dei fungerer som eit talerøyr for ungdom i heile Hardanger og Voss, og arbeider for engasjement og fokus på saker som gjeld born og unge. 
I 2015 var det for fyrste gong Hardanger Ungdomsting, der alle rådsmedlemmane i dei 7 ungdomsråda var invitert. Så og sei alle kom til Odda!

 

Klikk her for å lasta ned vedtekter

 

 


For meir informasjon sjå: facebook.com/HardangerUngdomsrad
 
Hardanger Ungdomsråd-logo

Innkalling og Møtebøker Hardanger og Voss Ungdomsråd

Hardanger Ungdomsråd har rådsmøter om lag 4-6 gonger i året. Rådsmøta er på omgang i kommunane.  I 2015 vart fyrste Hardanger Ungdomsting gjennomført. Stor suksess.

Opplæringskonferanse 23.01.2023

Medlemmer Hardanger og Voss ungdomsråd 2022/2023
Medlemmer Hardanger og Voss ungdomsråd 2022/2023

Hardanger Ungdomsting

Hardanger Ungdomsting Ulvik 2022
Hardanger Ungdomsting Ulvik 2022
Hardanger Ungdomsting hadde si fyrste sete i Odda 5. februar 2015, nesten 5 år på dagen for grunnlegging av Hardanger Ungdomsråd. På HU TING er alle ungdomsrådsmedlemmer i heile Hardanger inviert til å ta del, for å verta kjende med kvarander og politisk arbeid i regionen og kommunane. Det vert ein mykje sterkare samhandling om dei er kjende med og trygge på kvarandre.
Hardanger Ungdomsting Odda 2015
Hardanger Ungdomsting Odda 2015

HU på Stortinget 04.12.18

Hardanger ungdomsråd på Stortinget 04.12.18
Avisutklipp om at -Ungdom i Hardanger slår ring om ambulansetenesta-

Uttalar frå Hardanger Ungdomsråd

Hardanger Ungdomsråd
Vannskiklubb

Aktivitetshelger i regi av Hardanger Ungdomsråd

Aktivitetshelg i Øystese 2011 
Aktivitetshelg i Eidfjord 2012
Aktivitetshelg i Jondal 2013
Aktivitetshelg i Ulvik 2015
Aktivtetshelg i Eidfjord 2016
Aktivitetshleg i Odda 2017
Les meir >>
Demokratiprosjektet

Demokratiprosjektet

Hardanger ungdomsråd (HU) har sidan mai 2012 arbeida med eit demokratiprosjekt. HU har fått stønad frå Aktiv Ungdom, som er EUs ungdomsprogram for ikkje-formell læring, for å gjennomføra eit demokratiprosjekt med ungdom i Greve i Italia. 


Les meir >>
Mysteriekommunane. HU Kvam 021112 - konstituerande møte
Mysteriekommunane. HU Kvam 021112 - konstituerande møte

Mysteriekommunane

Mysteriekommunan var eit filmprosjekt Hardanger Ungdomsråd gjennomførte i 2012 og 2013. Formål var å bryta ned fordommar mot ungdom i andre Hardangerkommunar enn sin eigen. Mysterie fordi dei måtte trekka om kva kommune dei skulle under huda på.