toppbanner-HR

Sans for smak i Hardanger og Voss

img 2699
Sans for smak i Hardanger og Voss hadde fyrste kursdag i går, på Hjeltnes fagskule i Ulvik. Då tok me imot mat og helse lærarar frå heile regionen vår. Her vart dei inspirerte av Ryfylkekokken Frode Selvaag  etter ein modell frå Norsk Smaksskule. 
Målet er å gje påfyll og inspirasjon til deira undervisning i dette faget. Me har fokus på lokale råvarer, og kanskje for nokon ny bruk av råvarer. Lærarane får også eit nettverk, som me ønskjer å vidareutvikla.
Dag to skal me ta imot barnehagelærar, og dei skal få same kurs.

Dette er fyrste av 3 kursrekker som er planlagt, og alle lærarar og barnehagelærarar som arbeider med mat får invitasjon.

Publisert 2026-10-01 07:39