toppbanner-HR

Moglegheitststudie Hardangerfjordruta 2027

lars og ann irene

Korleis skapa meirverdi i naturskjønne og kulturrike Hardanger via sjøvegen?

I vinter har Azets Consulting bistått Hardangerrådet iks i eit moglegheitstudie for ei reiselivsretta  kommersiell båtrute på Hardangerfjorden frå 2027.

Studien finn du her
 

På ein nydeleg vårdag i Ulvik presenterte Lars Skeide, Azets og Ann Irene Myrheim frå Hardangerrådet studien på konferansen Hardanger NEXT, arrangert av Visit Hardangerfjord.
Studien peikar ikkje på ei ferdig løysing, men kartlegg potensialet: Det åpnar eit reelt moglegheitsrom for ny operatør, for reiselivet og for lokalsamfunn rundt fjorden.
Vegnettet i Hardanger er allereie sprengt i sommersesongen. Å gjera sjøvegen til ein føretrukken reisemåte for turister har stor verdi i seg sjølv.
Endå større gevinst ligg i å knyta  fjordruta saman med landbaserte opplevingar og tilby ei meir heilheitleg reise.
I paneldebatten, saman med ordførarane Roald Aga Haug og Jens Olav Holven, var det brei einigheit: Det finns ein marknad, eit behov og vilje til å få dette til gjennom samarbeid på tvers av fjorden! 

Publisert 2026-04-30 14:54


FLEIRE NYHENDE