toppbanner-HR

HARDANGER SITT VAREMERKE

Profilvarer MErkevare Hardanger
Foto: Eli Lund, Hardanger folkeblad
hardanger
Hardanger - eit sterkt merkenamn å vidareutvikla.

Hardanger er eit eineståande område i Noreg. Regionen har storslegen naturen, levande kultur, spanande historie og eit variert næringsliv.
Namnet Hardanger er allment kjent i Noreg, men har også klang ute i verda. Området er forbunde med vakkert særmerkt fjell- og fjordlandskap, norsk fruktdyrking, gjestfritt og godt utbygd reiseliv, handverk med lange og gode tradisjonar, ein vesentleg nasjonal vasskraftproduksjon, Nasjonalparkane Folgefonna og Hardangervidda samt fleire attraktive interessante museum og kulturinstitusjonar. Hardanger har også solide og nyskapande verksemder som opererer internasjonalt.

Slagordet «Fruktbare Hardanger» fortel om potensialet i regionen. Det ligg store mogelegheiter i å utnytta det gode omdøme på ein meir tidsmessig måte ved å byggja opp Merkevare Hardanger. Me har valt å byggja vidare på dei kvalitetar som alt ligg i Hardangernamnet og vidareutvikla dei.
Me vil gjerne at enkeltpersonar, små og store verksemder, organisasjonar, lag og offentlege instansar vert med på Hardangerlaget.

Merkevareprofilen Hardanger vil styrkja ein sams identitet og gjera tilknytinga og profileringa av Hardanger 
tydelegare. Den nye logoen ser ut som ei stjerne med utspring i kjente element frå Hardanger. Me kan nemna turbinhjulet, fruktblomen, eplekjernen, iskrystallen og særleg åttebladrosa, som finns i hardangersaum, bunadsbringedukar, dåpsdukar, åkle, på hardingfela med meir Dette 8-symbolet er også eit kulturhistoriske vernemerke, for å verna menneske og verdiar mot øydeleggjande makter , på linje med Olavsrosa og Valknuten. Stjerneforma viser også at regionen opnar seg mot verda utanfor. 
Målet er at profilen innan kort tid skal byggjast opp til å verta eit kjent kvalitetsmerke, som i alle samanhengar viser området sin kvalitet for tenester, varer, kultur og historie. I dette ligg det meirverdig for vare- og tenesteprodusentane i Hardanger.

Hardagerprofilen er ein paraplyprofil med målsetjing å samordna merkevarebygginga av Hardanger som region, med fordelaktig bruk av resursane. Vona er at me får til ein vekselverknad mellom Hardingen sin sams identitet og kvalitet ved produkt og tenester frå og i Hardanger. Dette vil i sin tur gjera merket truverdig og kjend både i Noreg og i utlandet. I neste omgang vil det styrkja regionen sitt omdøme og slik vert Hardanger si eige sterke merkevare. 
Hardanger sitt nye kjennemerke er i praksis eit heilt nytt varemerke til rådvelde både for små og store næringsinteresser og offentlege verksend i heile regionen. Det er viktig å understreka at merkevareprofilen ikkje skal erstatta noverande merkenamn og logoar, men forsterka interessa for eit produkt ved tilknyting til namnet Hardanger. Merket er difor diskré utforma, men tydeleg. 
Tilsvarande merking finn me t.d. på Svanen og Godt Norsk. Sjå døme på bruken av Hardangerlogo på dei vedlagde sidene.

Vert de med?
Målet er at flest mogelege innbyggjarar i Hardangerkommunane skal ta i bruk identiteten. Det same gjeld små og store verksemder i regionen. Det er mange bruksmogelegheiter både digitalt og på annan måte.
Det er verdt å merkja seg at profilen er patentverna. Bruken må difor avtalast med eigar, som er 
Hardangerrådet. Bruksreglane er enkle og lite byråkratiske, Det er laga greie vedtekter for bruken av merket. Desse byggjer på tillit og sjølvdisiplin. Me må ikkje risikera at Hardangerprofilen vert misbrukt. Det skal vera eit kvalitetsmerke, og ikkje noko anna. 
Me vonar at du og di verksemd, lag eller organisasjon ynskjer å vera ein del av Hardanger sitt varemerke. 

Avgift
Det er ei mindre eingongsavgift knytt til å nytta den visuelle profilen:
Deltakarar med 1-5 årsverk: Kr. 500 
Deltakarar med 6 - 25 årsverk: Kr. 2000 
Deltakarar med 26 - 50 årsverk: Kr. 4000 
Deltakarar med meir enn 50 årsverk: Kr. 5000 
Frivillige lag og organisasjonar kan nytta profilen gratis etter søknad og godkjenning.


Kontaktinformasjon
Hardangerrådet, Pb 78, 5782 Kinsarvik/ Kjobergbygget
www.hardanger.com 
Tlf: 53 67 14 50
E-post: post@hardangerraadet.no

Effektar
I tillegg til å ta i bruk kvalitetsmerket på eigne produkt/tenester, vil du få høve til å kjøpa nokre produkt med hardangerprofilen på. Desse produkta er naturlege å ha i bakhand når organisasjonen din møter kundar/samarbeidspartnarar i andre delar av Noreg eller frå utlandet.

Alle profilprodukta vert selde av Hardangerrådet.

Kontaktinformasjon:
E-post:post@hardangerraadet.no 
www.hardanger.com

PROFILVARER MERKEVARE HARDANGER


 
Hardangerhals
Hardangerhals
Hardangerpose
Hardangerpose
Hardanger gåvepapir
Hardanger gåvepapir
Hardangersekk
Hardangersekk


Vedtekter for Merkevare Hardanger
Last ned pdf


Brukarlisens Merkevare Hardanger
Last ned pdf


Grafisk profil Merkevare Hardanger
Last ned pdf