Hardangerrådet
Uferdig hardingfele

Etablerartenesta i Vestland fylke

Hardangerrådet har som ein av strategiane for arbeidet i rådet å ta ansvar for etablerarteneste i regionen og støtta kommunane i arbeidet med næringsutvikling.

Kommunale kontaktpersona
Eidfjord kommune: Lisbeth B. Crelik - Eidfjord kommune
Ulvik herad: Mona Hellesnes - Ulvik herad
Kvam herad : Jan Tjosås – Kvam herad
Ullensvang kommune: Næringshagen i Ullensvang
Hardangerrådet v/ Jostein Eitrheim kan også kontaktast.

Team Hardanger(TH)
I regi av Hardangerrådet iks er det etablert eit fellesforum med navn Team Hardanger (TH). Det er koordinert av Hardangerrådet iks og leiarvervet går på omgang.
TH er eit nettverk av Hardanger sine kommunale og regionale næringsansvarlege og etablerarrettleiarar. Næringshagane er også faste medlemmer i TH, samt Visit Hardangerfjord.

Etablerersenteret
I dag er etablerartenesta i Vestland organisert via Etablerersenteret i Bergen. Dei har fått i oppdrag å tilby denne offentlege tenesta til alle i Vestland. Dei tilbyr etablererkurs og rådgiving til etablerarar, gründerar, oppstartsbedrifter og entreprenørar. Treng du hjelp til å koma i gang med din forretningsidé eller vidareutvikla ei etablert bedrift, så har dei brei erfaring innan forretningsplanlegging. Etablerarsenteret er eit offentleg tilbud. Det er finansiert gjennom eit spleiselag mellom Vestland fylkeskommune og kommunane i Vestland.
Kurs og rådgjeving vert stort sett tilbydd i Bergen, og alle er velkomne dit. For meir informasjon om tenesta og kursplan gå inn på: www.etablerersenteret.no

Næringshagen i Ullensvang og Hardanger og Voss Næringshage har mange gode tilbud til etablerar.
Her finn du dei:
Hardanger og Voss næringshage
Næringshagen i Ullensvang
Kurs i regi av Etablerersenteret