Hardanger-Berlin

OM ORDNINGA
Ordninga vart oppretta av Hardangerrådet i 2009. Frå hausten 2016 overtok Hardanger Kunstlag, på vegne av eit spleiselag. I 2019 er spleiselaget Hardangerkommunane. I 2020 overtek Eidfjord kommune leigekontrakta, Hardanger kunstlag har ansvar for økonomi og Hardangerrådet hjelper til med administrasjon.

SØKNADEN
Opphald kan søkjast av profesjonelle kunstnarar og produsentar i,- eller med tilknyting til Hardanger innanfor alle fagfelt, men ulike faggrupper kan bli prioritert år for år. Søknad om opphald vert lyst ut i juni for opphald påfølgjande år. Det kan søkast om opphald for to veker og inntil 3 månader pr. kunstnar. Eigenandel/gebyr for opphald er kr 100,- pr. person pr. døgn for alle tildelte døgn i husværet. 

FYLGJANDE SKAL VEKTLEGGJAST I HANDSAMING AV SØKNADANE:
  • Kvalitet og framdrift på søkjaren sitt kunstnarlege arbeid fram til tidspunktet for søknad, og søkjaren sitt kunstnariske potensiale for vidare utvikling.
  • Plan for opphaldet.
  • Vis eventuelle kontaktar med institusjonar, nettverk etc.
Hardangerrådet tek imot og registrerar søknadane
Tildelinga vert gjort av ei gruppe beståande av representantar frå Hardanger Kulturråd, Harding Puls og ein kunstnar. Vurderinga skjer i samråd med relevant kunstfagleg kompetanse.
Les meir om søknadskriteria på søknadsskjemaet som du finn HER.

RETNINGSLINJER
Hardanger Kunstlag er på vegne av eit spleiselag ansvarleg for og administrer ordninga for Hardanger sitt kunstnarhusvære i Berlin.
Eidfjord kommune er den formelle avtaleparten med huseigar i Berlin.
Hardangerrådet hjelper til med administrering av tilbudet.

Kriteriar for opphald:
- Opphald kan søkjast etter gitte kriteriar.
- Søknad om opphald vert lyst ut om hausten for opphald på følgjande år. Som retningsgjevande regel vert det høve til eit opphald på inntil 3 månadar pr. kunstnar. Minstetid for opphaldet er to veker. Det kan og 
   søkjast om lengre opphald i dei tilfelle der opphald er knytt til spesielle kontaktar med institusjonar og liknande. Besøk må vera avgrensa i tid og omfang, sidan dette er eit studie/arbeidsopphald.
- Det er ikkje høve til framleige eller utlån til andre.
- I tillegg til summane som sjølve spleiselaget bidreg med, vert det eit gebyr/eigenandel på kr. 100 pr. døgn pr. person for kunstnarane som får tildelt opphald.
- Den som får tildelt opphald i husværet i Berlin må presentera noko innanfor sitt kunstnariske virke i ei regional samling etter opphaldet.
HUSLEIGEREGLAR
Dei som vert tildelt opphald må betale kr 100,- pr person pr døgn for alle tildelte døgn. Inkludert i leiga er oppvarming, straum, kabelnett og breiband. 
Brukarane/kunstnarane forpliktar seg til å setja seg inn i og å følgja reglane i avtalen mellom Huseigar og Hardanger Kunstlag.
Husværet er enkelt møblert og skal forlatast i den stand det vart ved innflytting. Eventuell skade må erstattast. Feil og manglar skal snarast meldast Hardanger Kunstlag.
Huseigar har avtale med ein kontaktperson i Berlin for tilsyn og praktiske råd. 

KART OG TRANSPORT
Bustaden ligg rett ved S-banestasjonen Schöneberg som tek deg deg overalt, vidare til U-banen osb. Schöneberg er og eit eigna utgangspunkt for buss.


Tildelt opphald i 2021

Januar:  Ledig
Februar:   Benedicte Maurseth /Stein Urheim
Mars: Torbjørn Ljones
April:  Eli Raa Nilsen
Mai: Vedlikehaldsveke
Mai/Juni: Inger-Kristine Riber
Juni:  Pål Gunnar Dale 
Juni/Juli:  Torleif Birkeland Bay
Juli:  Ådne S. Dyrnesli/Ellen L. Harrison
August:  Anne Hesvik
September:  Pernille Rosfjord  
Sept/Okt: Annlaug Marie Tolo 
Oktober:  Aud Bækkelund 
Oktober: Ingunn Van Etten 
November: Silje Solvi
November : Vigdis Nilsen 
Deember: Inger-Kristine Riber
Desember: Kwestan JAmal Bawan
Hardanger - Berling - Hardanger sin kunstnarbustad i Berlin
Berlin i bløming
foto: Ingvild Ystanes
Kunstnarar i Berlin 2015