Flytt-Til-Hardanger

FLYTT TIL HARDANGER

Det gode liv

Fasiten på kva som er det gode liv er det ingen andre enn du sjølv som har. Slik er det og i Hardanger. Rammene rundt oss har likevel nokon særmerke ein ikkje finn overalt. 

I Hardanger lever me liv frie for trafikkbråk, køar, tidspress og karrierejag. Naturidyllen me bur i gjenspeglar seg i samfunnspulsen og tempoet. Det er ingen grunn til stressa for å unngå rushtida, verken seint eller tidleg. Mindre tid i kø, gjev meir tid til kvarandre, fritidsaktivitetar og livsnyting.

Vegen til storbyens sjarm og mangfald er kort. Vert draget etter det urbanet for sterkt, er me i Bergen i løpet av ein time eller to. Kvifor ikkje bu i idyllen og nyta fritida i byen? Valet er ditt. 
 
Steinstø fruktgard - gut med moreller

Mektig natur

Moderne menneske treng urørt natur for å henta inspirasjon, livskraft og energi. I Hardanger finn du eit av verdas mektigaste og vakraste helsestudio og inspirasjonskjelde rett utanfor døra. 

Hardanger er kjend for sin mektige og vakre natur. Kvart år valfartar tusenvis av turistar til Hardanger for å få ein smak av den særmerkte naturen. Kvifor ikkje busetja seg i ein region der resten av verda likar å feriera?

Me som bur i Hardanger har naturen rett utanfor stovedøra. Her kan du starta dagen på ski i fjellet, nyta ettermiddagsola på stranda og ta ein dukkert i ein behageleg temperert fjord. Punktum på dagen kan du setja med ein betre middag på eitt av dei mange turisthotella. 
 
Trolltunga

Nært og godt

I Hardanger kan barna trygt gå eller sykla til skulen og ulike fritidsaktivitetar. Barnehagen ligg i nærleiken av heim eller jobb. Går me frå bilen ulåst, er det verste som skjer at naboen set seg inn og ventar på skyss heim.

Det er ingen grunn til å vera redd for å gå åleine ute nattestid. Blind vold, overfall og ran er ord dei lokale lensmenn knapt har i vokabularet sitt.

Avstanden til resten av verda er kort. Alt etter kor ein bur i Hardanger, er avstanden til Flesland internasjonale flyplass 1 – 2 timar med bil eller buss. 
 
Par i fjøresteinane i Hardanger

Aktivitetar

Hardanger byr på eit yrande lags- og organisasjonsliv. Nesten uansett interesse og hobby, finn du likesinna eller ein organisajon til å dela opplevingar og kanalisera engasjementet gjennom.

Det er gode idrettslag som tilbyr gode og varierte aktivitetar, og det er mange andre lag. For å finna ut om fritidstilboda i einskildkommunane i Hardanger, ta kontakt med tenestetorga eller besøk heimesidene til kommunane.  

Hardanger har fleire hotell, kafear og utestadar der ein kan kombinera sosiale og gastronomiske behov.
Bunadbar i dans
Flytt til Hardanger-plakat 1 - Lukka
Flytt til Hardanger-plakat 1 - Friluft
Flytt til Hardanger-plakat 1 - Tryggleik