ULLENSVANG HERAD

Sørfjorden (Foto: Reisemål Hardanger Fjord)
Heradet grensar i nord mot Granvin herad og Ulvik herad, i nord og aust mot Eidfjord kommune, i aust mot Vinje kommune i Telemark fylke, i sør mot Odda kommune, og i vest mot Jondal kommune. Vest for Hardangerfjorden ligg Kvam herad. Lokalavisa Hardanger Folkeblad («Folkablae»), som kjem ut i Odda, dekkjer Ullensvang herad.

Heradet ligg på båe sider av Sørfjorden i Hardanger, på sør- og nordsida av Utnefjorden, på vestsida av indre Samlafjorden, på vest- og austsida av den sørlege delen av Eidfjorden. Langs Samlafjorden ligg gardane Litlås og Storås, Kvalvik, Alsåker, Vines, Lote og Hesthamar. På sørsida av Utnefjorden ligg Utne, på nordsida Tjoflot og Ulgenes. På vestsida av Eidfjorden ligg Kaland og Djønno, på austsida Ytre Bu og Ringøy. Nordaust for innlaupet til Sørfjorden liggKinsarvik. På austsida av Sørfjorden ligg Urheim, Lutro, Lofthus, Opedal, Børve, Sekse, Hovland, Espe og Fresvik. På vestsida av Sørfjorden, nordover frå Odda mot Utne ligg Kvitno, Eikhamrane, Måge, Bleie, Reidsete, Vikebygd, Nå, Rogdo, Aga, Velure, Jåstad, Haustveit, Hauso, Grimo, Langasete og Trones.

Kjelde: Wikipedia
Hardangerrådet
Postadresse: 
Postboks 78, 5782 Kinsarvik
Besøksadresse: 
Kjobergbygget, Kinsarvik

Tlf: 53 67 14 50    
E-post: post@hardangerraadet.no
Følg oss
facebook
twitter
instagram
Hardangerrådet
Postadresse: 
Postboks 78, 5782 Kinsarvik
Besøksadresse: 
Kjobergbygget, Kinsarvik

Tlf: 53 67 14 50    
E-post: post@hardangerraadet.no
Følg oss
facebook
twitter
instagram
Lenkjer