toppbanner-hr

Om Hardangerrådet

HARDANGERRÅDET iks er eit interkommunalt selskap, oppretta med heimel i lov om interkommunale selskap av 29.01.1999 nr. 6 med kommunane Eidfjord, Granvin, Jondal, Kvam, Odda, Ullensvang og Ulvik som eigarar. Ny selskapsavtale er godkjent pr 31.12.2007. Så endra i tråd med forskriftene fom 2012. Endra §5 og ny§14, 13.03.2014.

Hovudoppgåva er å styrkja regionen gjennom større grad av forpliktane samarbeid. 

Samarbeidet skal leggja til grunn deltaking frå likeverdige partar og skal vera eit supplement og ei støtte til kommunane si eiga verksemd.

Hovudkontoret til Hardangerrådet ligg i Kinsarvik og har i dag 2 tilsette. 
Dagleg leiar Jostein Eitrheim: tlf 476 69 524
Konsulent Trude L. Rinaldo : tlf 489 54 550
Mail kan sendast på: post@hardangerraadet.no.

ORGANSISASJON:
Hardangerrådet sine organ er Regionrådet, Styret, Hardingtinget, Rådmannsforum og dagleg leiar.

Regionrådet = Representantskapet er Hardangerrådet sitt øverste organ.

Regionrådet og Hardingtinget er leia av rådsordførar Jon Larsgard.  Styreleiar er Toralv Mikkelsen.

HARDANGERRÅDET ARBEIDER MED 3 HOVUDOPPGÅVER:
1. POLITISK SAMORDNING
Vera pådrivar og oppfølgjar overfor overordna styresmakter. Gje felles fråsegner påvegne av kommunane.

2. FAGLEG SAMARBEID
Styrkja identiteten i Hardanger og utvikla samarbeidsformer mellom kommunane der næring, skule og kultur er sentrale områder.

3. TEAM HARDANGER - ETABLERARATENESTE OG NÆRINGSUTVIKLING.
Hardangerrådet har hovudansvaret for etablerertenesta i regionen. Ytre Hardanger Opplæring v/Tone Søgard tar seg av denne tenesten for rådet. Alle kommunar/herad i Hardanger har partnarskapsavtaler med Hordaland fylkeskommune om etablerarteneste. Kvar kommune/herad har ein kontaktperson for dette. Saman utgjer dei Team Hardanger.

IS FJORDVEGEN RUTE13
Hardangerrådet iks v/Jostein Eitrheim har dagleg leiar-funksjonen til IS Fjordvegen Rute 13. Det er eit interesseselskap som arbeider for Rv 13. 
IS Fjordvegen
Film Location Hardanger
Kom an - vegvisar for nyskaping i Hordaland
flag of europe svg
This project is co-funded by the European Union
Hardangerrådet
Postadresse: 
Postboks 78, 5782 Kinsarvik
Besøksadresse: 
Kjobergbygget, Kinsarvik

Tlf: 53 67 14 50    
E-post: post@hardangerraadet.no
Følg oss
facebook
twitter
instagram
IS Fjordvegen
Kom an - vegvisar for nyskaping i Hordaland
Film Location Hardanger
flag of europe svg
This project is co-funded by the European Union
Hardangerrådet
Postadresse: 
Postboks 78, 5782 Kinsarvik
Besøksadresse: 
Kjobergbygget, Kinsarvik

Tlf: 53 67 14 50    
E-post: post@hardangerraadet.no
Følg oss
facebook
twitter
instagram
Lenkjer