LANDLEG VELVÆRETURISME 

Landleg velværetusime

Landleg velværeturisme, kva er det?
Eit  EU-prosjekt med partnarar frå 5 land har delteke i eit 2-årig prosjekt for å finna ut av det. Prosjektet har vore delfinansiert av EU for internasjonale produkt og meir bærekraftig turisme.
 
I 2013 var dette utlysinga: "Støtte til utvikling og marknadsføring av internasjonale tema-turisme produkt." Me ville finna ut om landleg velværeturisme er eit produkt me kan utvikla og marknadsføra saman.

Hovudpartnar/koordinator:
University of Eastern Finland,

Partnarar:
Latvijas Lauku tūrisma asociācija
Lietuvos kaimo turizmo asociacija (Lithuania)
Hardangerrådet (Norway)   
SydDansk Universitet, Center for Landdistriktsforskning (Denmark) 
VisitVejle, Vejle Erhvervsudvikling, Erhverv & Kultur (Denmark)
Finnish Tourist Board (Finland) '/Visit Finnland

Formål med prosjektet er å definera lendelg velværetuisme, og finna ut korleis ein kan få økonomisk vekst med å bruka fordelane landsbygda med naturen har. Målsetjinga er at mest mogeleg skal vera  lokalt av produkt, foredling og økonomi. Ein av bakgrunnane for dette prosjektet er at landsbygda taper terreng når det gjeld arbeidsplassar, produksjon, befolkning og økonomi. Korleis kan me motarbeida denne trenden, som er lik i heile Europa.

I prosjekt har me prøvd å definera landleg velværeturisme.  Eit spørsmål var til dømes om me kunne ha felles kriteriar og kva dei eventuelt kunne vera.  Me fann tidleg ut at alle har forskjellig utgangspunkt.  F. eks er Spa og Sauna veldig viktig for Latvia, Litauen og Finnland, og sjølvsagt del av eit velværeprodukt i dag.  Medan for oss i Norge er ikkje dette like utbreitt og ikkje identisk med velvære tanken,  for oss er naturen ein mykje større del.   

Heile prosjektet er god dokumentert med ein fyldig prosjektrapport. Desse ligg under dokument.