SPØR VINDEN 
Eg kjem i hug lauvhyttone
me bygde
då me var små:
krjupa inn i dei, sitja
og lyda etter regnet,
vita seg einsam i villmarki,
kjenna dropane på nasen
og i håret 

 - Olav H. Hauge -
Foto: Svere Hjørnevik/Fjord Norge

Landleg velværeturisme

Kva er det?  Landleg velværetursime er turisme der det gode liv på landsbygda er del av produktet.  Kva er det gode liv på landsbygda?  Plass, vatn som renn, fuglar som syng, rein luft, lokal mat, osv.   Naturen og rommet i distriktet sett saman med aktivitetar, overnatting og lokalmat er i tida, dette kan brukast til vår fordel.  

Hardangerrådet har vore med i eit internasjonalt EU-prosjekt i 2 år.  Oppgåva har vore å forska på dette, definera temaet, setta saman produkt og laga guidar med krav til produkta.
Les meir om prosjektet >>
Prosjektet
Aktivitet tur for to romanse i frukthage
VÅR  Sjå naturen vakna til liv. Fruktbløminga er eit høgdepunkt. No kan du bu nesten kor du vil. Nyt ei krotakake, kanksje du vil vera med å baka dei?
Aktivitet tur for to utsikt Sorfjorden
SOMMAR  Hardanger er kledd i sin flottaste bunad. Kva med kajakk på Fjorden eller ski på Fonna? Verdas vakraste musikkfest er her og når det lir litt er morellen modne.
Aktivitet tur for to fonn i bakgrunn
HAUST Opplev fjellet i si finaste prakt og overnatt langt inn i fjellheimen. Plukk epler med fruktbøndene. Matfestivlar byr på lokalmat til  frå heile regionen.
Sunset kiting at Hardangervidda near Dyranut Fjellstova Photo by Konrad Konieczny.
VINTER Ei skiløype er ikkje langt unna i Hardanger. Har du ikkje hytte på fjellet er det unike hotell i mange bygder som byr på god mat og peiskos. Lokal sider er god å varma seg på.