toppbanner-HR

Plastseminar i Norheimsund 14.09.2023: DET NYTTAR!

2f20a85e-d8dc-43e7-8d8e-55bcb8a3a251
I forbindelse med verds største rydde aksjon Rein Hardangerfjord, heldt sjømatnæringa plastseminar i Norheimsund 14.09.2023. Her vart seminaret helsa av ordførar Torgeir Næss, Kvam herad og Hardangerrådet.
Det er umogleg ikkje å bli inspirert etter eit slikt seminar, som fortalde sanninga men fokuserte på løysingane. Og dette er engasjerte folk som veit det nyttar.
 
Dette er år 2 av ialt 5 års rydding. Men prosjektet er meir enn å rydda. Det er eit forskingsprosjekt. Ein ser på effekt av å rydda og betydning det får for mikroplast i fjorden. Ingen resultat er klare, men trenden her og i andre prosjekt viser at DET NYTTAR.

Det er heller ikkje berre å rydda, det er viktig at plasten vert nytta igjen. Ein aktør er OGOORI
Og kanskje viktigast at me alle endrar haldningar til bruk av plast, og at det me brukar vert gjenbrukt. Kvart år fyller me på med 350 millionar tonn plast - berre 10 av desse tonna vert plukka opp.

Men det nyttar! Frå india kom Afroz Shah med utmerkelsen "Champion of the Earth" frå FN. Han tok fatt på strendene i Mumbai. Sjå dette - ingenting er umogleg!

Publisert 2023-09-15 11:45


FLEIRE NYHENDE