Hardangerrådet

HARDANGER 2030

Hardanger 2030 er fellestittelen på eit langsiktig arbeid i og for regionen Hardanger framover mot årstalet 2030.
Hardanger 2030
Hardangerrådet sit i førarsetet med ordførarane i regionen som styringsgruppe og daglege leiar som prosjektansvarleg for dei overordna grepa. I tilknyting til dette paraplyprosjektet har regionen sett igang fleire tiltak/prosjekt som har fokus på Hardanger fram mot 2030. 
Sjå vedlegg for nærmare orientering om dette.

Frå 1986 til 2006 har Hardanger gått tilbake frå 26175 til 23112 innbyggjarar. Dette utgjer 12 % på 20 år. Framskrivinga til Statstisk sentralbyrå er vidare 21906 innbyggjarar i 2020. og 16881 innbyggjarar i 2030.

Tal på arbeidsplassar har gått frå 11371 i 2000 til 10343 i 2005, ein reduksjon på 9 %. Men antal bedrifter har gått opp frå 973 i 2002 til 989 i 2006, så etablerarteneste og jobbskapingsarbeid virkar. 
Hardingane sjølve må ta tak for å utvikla folketal og arbeidsplassar i regionen.

Eg vil nyttar høvet til å ønskja alle med hjarte for å utvikla Hardanger velkomne med synspunkt, innspel og idear til Hardangerrådet. 

Klikk her for å lasta ned meir informasjon (Word)
 
Hardanger Scenarier 2030

Hardangerscenarier 2030

Hardangerscenarier 2030 er eit halvårleg prosjekt som starta i mars 2007 og som vert avslutta med presentasjon på Hardangerkonferansen 2007, den 03. oktober. 

Prosjektet er et samarbeid med firma Berrefjord & Thomassen AS og byggjer på erfaringa med metodikken som B&T har utvikla i samband med Bergenscenarier 2020 og som har vore utprøvt i fleire byar og regionar rundt om i landet. Scenarier er funderte tanker, spekulasjoner og fortellinger om fremtiden. Det vert utvikla eitt visjonsscenarium og eitt varslingsscenarium for Hardanger i 2030.

Til å vera aktive medspelarar for B&T i prosessen skal det vera eit kjerneteam breitt samansett av privatpersonar, verksemder offentlege organ og organisasjonar: 10-15 tilsaman alle med interesse for og fokus på regionen Hardanger.