Flytt-Til-Hardanger

OM HARDANGER

Fyksesundet frå Porsmyr
Hardanger er landskapet langs og omkring Hardangerfjorden i Hordaland. Området startar i Kvam og Jondal i vest og fylgjer fjorden heilt inn til tettstaden Eidfjord i aust og sørover langs Sørfjorden til Odda, samt kringliggjande fjellområder som blant anna inkluderer Kvamskogen og deler av Hardangervidda og Folgefonna (Norges tredje største isbre).

Distriktet omfattar dei fem kommunane KvamUlvik, Eidfjord, Ullensvang og Voss, med eit samla areal på 6 303 km² og 22 980 innbyggjarar (1. januar 2015), sjå kart.

Hardanger er kjend for dramatiske landskap med fjell, brear, fossar og fjordar. Naturen har trekt til seg både turistar og kunstnarar gjennom alle år. Det er også eit område som gjev svært gode forutsetningar for fritidsaktivitetar som brevandring, snowboardkjøring året rundt samt paragliding. Hardanger er også kjend for fruktdyrking. I Hardanger vert det dyrka eple, pærer, plommer og moreller. 40 % av norsk frukt kjem framleis framleis frå dette området. I tillegg har Hardanger eit stort innslag av vasskraft og industri.