Hardanger
Friluft
Tryggleik
Lukka
Hardanger
Hardanger - Lukka, tryggleik, friluft
Hardanger
toppbanner-HR

Hardanger Ungdomsråd vil lovfesta responstid for Ambulansar i heile Norge

innlegg kjersti toppe
Hardanger Ungdomsråd sender brev til stortingsrepresentanten frå Hardanger,Terje Breivik, og ber om at responstid for ambulanse vert lovfesta i heile Norge, dvs max 12 minutt i by og max 25 minutt i bygdene.
Me i Hardanger Ungdomsråd synest det er rart at det ikkje er same lovkrav til responstid for ambulanse som for brann. I dag vert anbefalt responstid ofte overskride med mange hundre prosent, og det er ikkje akseptabelt. Difor ber me om ny lov.

Ein har rett på same tryggleik sjølv om ein bur i distriktet. Den anbefalte responstida utanfor tettbygde strøk er i dag 25 min, men historiane der denne tida er både to-og tredobla er mange. Dessutan er legevakt tilbodet er ulikt tilgjengeleg då avstandande har blitt større og legekontora færre etter reform.
Det kan skje noko uansett kor ein bur, også på bygda.

Les brevet her

Publisert 2018-05-22 14:16


FLEIRE NYHENDE