toppbanner-hr

Vestskog

sm-dscf1125
Skogeigarandelslaget Vestskog SA er ein samyrkjeorganisasjon for skogeigarar i Rogaland og Hordaland. Vestskog drivmed tømmeromsetnad, skogbruksplanlegging og rådgjeving til skogeigarar.
Etter ei solid økt på kontoret til Vestskog, saman med dagleg leiar Kjetil Andrè Rødland,  administrasjonssjef Sjur Ove Svartveit og plansjef Jan Ivar Rødland, kjenner eg at eg er litt svidd i toppen. Mykje informasjon om skog, på mange nivå, i store mengder, på relativ kort tid, er krevjande for ein som har kunnskapen sin om skog, i alle høve granskog, stort sett frå pynting av juletre. Eg har vel og vore deltakar i menigheten, og stemt i med Amen! - når nokon har ”prediget” at granskog er noko drit, og høyrer ikkje heime på vestlandet. Grangutane, Kjetil Andrè,  Sjur Ove og Jan Ivar har gitt meg mange gode argument, som tilseier at eg må melda meg ut av den menigheta. No har eg vel strengt teke aldri vore medlem, men eg har nok vore litt skapsympatisør. - Gran er eit tre som utnyttar arealet godt, og kvaliteten på vyrkjet blir heilt topp på vestlandet.  Vestskog har i alle høve gitt denne guten noko å tenkja på, og skog blir aldri meir berre skog for meg. Innsikt og kompetanse er god ballast å få. Kjetil Andrè understrekar det  er no og i nokre 10-år framover ein skal hausta av skogreisinga på 50- og 60-tallet. 

Dagens avvirking står ikkje i samvar med tilveksten. Noko av dette skuldast at skogeigarar ikkje er klar over verdiane som står i skogen, men mykje skuldast manglande infrastruktur i både veger og kaianlegg. Vestskog arbeider aktivt for å betra infrastrukturen. 

Etter ein kraftig vekst dei siste ti åra har Vestskog SA i dag 15 tilsette, og eit stort engasjement i skogbruket i Rogaland og Hordaland. Årleg omsetnad er om lag 120 millionar kroner, og 200 000 kubikkmeter vyrkje. Vestskog sitt hovudkontor ligg i Granvin i Hardanger og kontorer i Ølen, Øystese og Njåskogen i Time kommune. 

Vestskog er selskapet der skogeigarane kan få profesjonell hjelp til det meste. Hogst, skogtakst, tømmeromsetnad, ungskogpleie, planting, skogrådgjeving, og skogøkonomi.  

Skogeigarandelslaget Vestskog er eigd av 1600 skogeigarar som igjen er medlemer i 28 lokale skogeigarlag.

Det er mange ledd som skal vera på plass i ei moderne tømmeromsetnad. Vestskog dekkar planlegging av hogst, utsjekk av miljø, gjennomføringa av hogst, utkøyring i skog, transport fram til terminal/kai, alt dette før ein kan levera tømmeret vidare i verdikjeda (t.d. sagbruk, papirindustri og bioenergi).  Vestskog legg vekt på god informasjonsflyt, ryddig oppgjer og sluttresultat. (t.d. opprydding, sporskade, miljøkontroll, nyplanting).

Vestskog er ein solid paraplyorganisasjon der ein finn kompetanse og kunnskap som skog-eigarane treng. Vestskog har avtaler med eit solid entreprenørapparat som dekker alle krav som vert stilt til  moderne tømmeromsetning.

Vestskog SA har også ein planavdeling som utarbeidar skogbruksplanar. Dette gjev skogeigaren oversikt over areal, treslag, tilvekst, bonitet, kubikkmasse, tiltak, biologisk viktige områder. Ein skogbruksplan kan brukast til ein effektiv drift og forvaltinga av skogeigedom. Skogbruksplan vert levert i papir og på digitale mediar.

I ein skogbruksplan kan ein få oversikt på alder- og hogstklassefordeling. Kvar kan du hogga, kor mykje kan du hogga og kvar du skal byrja? Planen fortel; Kva tilveksten er, kor mykje står det i skogen min? Kor mykje har eg av ulike treslag? Du får oversikt over om det er miljøelement som du må ta omsyn til, og ikkje minst kva tiltak og investeringar som må til.

Jan Ivar påpeikar at det kanskje ikkje er så mange som veit det, men Hordaland har faktisk mykje å fara med når det gjeld skog og skogsdrift. Noregs største tre, og størst volum pr. dekar. Skogsdrift er ei god nytting av areal, og særleg gran er kostnadseffektiv på vestlandet.

Vestskog planlegg for framtida og lønsemd for skogeigarane. Berre vi får ha 20-25 % av arealet til produksjon, så kan fuglar og naturvernet ha resten, seier Jan Ivar.

-------------------------------------------------


Visste du at granskogen vår er eit mykje meir effektivt co2-lager enn regnskogen? Visste du at grana i tidlegare tider var eit heilt vanleg tre på vestlandet? Viste du att Staten har freda granskog i Hordaland (Modalen 3000 dekar). Det er heilt sikkert mykje anna du ikkje veit om gran, om skog, og ikkje minst om skogbruk, foredling, og framtidstenking. Vestskog veit mykje, kanskje du kan lesa deg opp på www.vestskog.no?


Tekst: Sigurd Vikøren   Foto: Vestskog
MEIR AKTUELT
Næringshagen i Hardanger
Næringshagen i Odda
Studiesenteret
Handalag
Trainee Indre Hordaland
Ungt Entreprenørskap
Hardangerrådet
Postadresse: 
Postboks 78, 5782 Kinsarvik
Besøksadresse: 
Kjobergbygget, Kinsarvik

Tlf: 53 67 14 50    
E-post: post@hardangerraadet.no
Følg oss
facebook
twitter
instagram
Hardangerrådet
Postadresse: 
Postboks 78, 5782 Kinsarvik
Besøksadresse: 
Kjobergbygget, Kinsarvik

Tlf: 53 67 14 50    
E-post: post@hardangerraadet.no
Følg oss
facebook
twitter
instagram
Lenkjer