toppbanner-hr

Van der Tuuk Reise og guideservice

bl%e2%94%9c%c2%a9mingstur 2009 064 kopier
På Lofthus finn du ei hollandsk dame med lang fartstid på å visa fram å fortelja om alt det gode og fine du finn rundt Hardangerfjorden. Eva har kontakt med reiseoperatørar som tek turistar hit både med cruiceskip, buss, eller på andre måtar.
Hardangerfjorden sine gåver vert synt fram og formidla verbalt på norsk, tysk, engelsk, nederlandsk og litt fransk. Hos Eva jobbar det ca. 20 guidar, på timebasis. Lokale folk, pensjonistar og studentar. I periodar ein betydelig aktivitet. Det har vore ein jamn auke sidan starten i 1995, då dei var 3 stk.Turane kan gå frå Eidfjord til Fossli, Sysen-dammen, lengre inn på vidda, Sima og Ulvik. Ulvik er og ein destinasjon dei guidar ut frå.

Andre turar kan vera frå Rosendal til Bondhus og rusletur til Bondhus-vatnet, med besøk og mat/kaffi i Olaløo.

I eit så mangslunge område som vårt, er det viktig å tilpassa seg å leggja opp til turar som er i tråd med det gruppa er utstyrt for, men og at dei har guidar som kan handtera turen dei legg ut på.

Til neste år har Van Der Tuuk Opedal planar om å ta opp ein gamal geskjeft. Turar frå vest Noreg til Nederland for å oppleva ei nederlandsk øy som er på Unesco si liste over verdas kulturarv. Øya Schiermonnikoog er kjent for eit fantastisk fugleliv.


Tekst og foto:  Sigurd Vikøren
MEIR AKTUELT
Næringshagen i Hardanger
Næringshagen i Odda
Studiesenteret
Handalag
Trainee Indre Hordaland
Ungt Entreprenørskap
Hardangerrådet
Postadresse: 
Postboks 78, 5782 Kinsarvik
Besøksadresse: 
Kjobergbygget, Kinsarvik

Tlf: 53 67 14 50    
E-post: post@hardangerraadet.no
Følg oss
facebook
twitter
instagram
Hardangerrådet
Postadresse: 
Postboks 78, 5782 Kinsarvik
Besøksadresse: 
Kjobergbygget, Kinsarvik

Tlf: 53 67 14 50    
E-post: post@hardangerraadet.no
Følg oss
facebook
twitter
instagram
Lenkjer