toppbanner-hr

Utespesialisten

bilder 388
Kven vil ikkje gjerne ha eit uteareal som er vakkert  og tiltalande? Skal du lukkast med det, så er det som i dei fleste høve. Vi lyt sleppa til fagfolk.
Visste du at denne spesialisten som kan hjelpa deg med eit uteareal som kona di drøymer om, er i ei bygd nær deg. Snakk med Henning Huse, han er aldri langt vekke frå mobil 952 17 740.

Henning er utdanna anleggsgartnar frå Asker, der han begynte på si utdanning i 2003. Etter endt utdanning flytta han heim til Øystese og starta Utespesialisten. 

Frå å starta med to tomme hender, ein spade og ei grafse har firmaet i dag utvikla seg til å kunna ta hand om allsidige og større jobbar.

Utespesialisten har levert tenester ved utbygginga av det nye parkeringsanlegget ved Steinsdalsfossen. Utføring av montering av 800 meter med kantstål i Corton, 150 m kantstein, planting av meir enn 50 prydtre og etablering av store plenareal, i eit prospekt der byggherren sette store krav til utføring. Dette var eit oppdrag midt i blinken for Utespesialisten.

Likevel, seier Henning, er vi svært glad for å få koma inn i så vel store som små hagar. Det finnest alltid utfordringar som set oss på store prøver, når vi skal finna dei beste løysingane for kunden.

Anleggsgartnaren har kunnskap og lang erfaring med planter, det gjeld og i høgste grad steinarbeid. Vi er i nærkontakt med, og har erfaring med alle typar stein. Skifer frå Oppdal, Otta, Alta, Hardanger, England, Voss o.s.b. Granitt frå Kina, Larvik, India, Førde, elvastein. Vi har hogd dei alle!

Utespesialisten hjelper bedrifter/burettslag/butikkar/private mede å finna den beste løysinga for uteområdet. Mange bedrifter har gjerne kundebesøk. Eit velstelt uteområde viser at bedrifta/butikken tenkjer kvalitet og estetikk. Det fyrste kunden ser er fasaden og uteområdet.

Utespesialisten har utstyr til å ta hand om vedlikehald, både vinter og sommar. Utespesialisten kan levera og montera utemøblar, sykkelstativ, trebeskytting, avfalls-behalderar o. l. etter ynskje. Utespesialisten er medlem av NAML. Norske anleggs-gartnerer- miljø og landskapsentreprenører.

Vår filosofi er å aldri gjera noko halvvegs. For: ”på detaljane vil fagfolk kjennast.” Henning Huse har 12 års erfaring frå anleggsgartner-bransjen.


TENESTER SOM UTESPESIALISTEN UTFØRER:
  • Skiferarbeid (gangareal/uteplass)
  • Muring m/naturstein (også forblending)
  • Beleggingsstein og brusteinsbelegg
  • Plen og planting (leverar også ferdigplen)
  • Vedlikehaldsarbeid av uteareal som te dømes luking, kosting, reparasjonar mm.
  • Vintervedlikehald som snøbrøyting/snømåking/salt/sand
  • Me leverar furubark
MEIR AKTUELT
Næringshagen i Hardanger
Næringshagen i Odda
Studiesenteret
Handalag
Trainee Indre Hordaland
Ungt Entreprenørskap
Hardangerrådet
Postadresse: 
Postboks 78, 5782 Kinsarvik
Besøksadresse: 
Kjobergbygget, Kinsarvik

Tlf: 53 67 14 50    
E-post: post@hardangerraadet.no
Følg oss
facebook
twitter
instagram
Hardangerrådet
Postadresse: 
Postboks 78, 5782 Kinsarvik
Besøksadresse: 
Kjobergbygget, Kinsarvik

Tlf: 53 67 14 50    
E-post: post@hardangerraadet.no
Følg oss
facebook
twitter
instagram
Lenkjer