toppbanner-hr

Næringslivet rundt Hardangerfjoden

dsc8706
Næringslivet langs Hardangerfjorden er variert. Vi har mange bedrifter som er verdsleiande på sine felt. I desse bedriftene finn vi topp kompetansemiljø, som stadig flytter grensene for kva som er mogleg å få til.
Slike miljø er sterke magnetar på ungdom som har dei kvalitetane vi treng, for å ha levande bygder i framtida. Ungdom med flinke hender og kloke hovud ser etter slike miljø, for å finna utfordringar som utviklar egne evner, og bidreg til å gjere kvardagen meir interessant.

Industrien har teke kvantesteg mot eit betre miljø siste 50 åra. Vi står likevel på dørstokken til ei enno grønare tid. Inngangen til eit berekraftig miljø, som skal løysa alle dei store utfordringane som står i kø dei neste 50 åra. For å skaffa nok energi, og ikkje minst mat til ein folkesetnad i sterk vekst.

Grunnlaget for løysingane ligg i den eksisterande kompetansen som finnest i dei ulike fagmiljø, og vidare utvikling av denne. Det å satsa på kompe-tanse saman med kunnskap og erfaring er dei grunnleggjande faktorane, for løysing av morgon-dagens utfordringar.

Eit kreativt næringsliv med sterk økonomi vil vera avgjerande for at vi når dei måla vi ynskjer som samfunn. Eit fungerande næringsliv er mykje meir enn ein jobb og ein bidragsytar til statskassen. Det er sjølve nøkkelen til velferdssamfunnet, slik vi kjenner det.

Hardangerfjordmagasinet vil gjerne presentera interessante bedrifter. Det gjev deg litt meir kunnskap om kva næringslivet rundt Hardangerfjorden steller med. Vil du veta meir, er det berre nokre få taste-trykk unna.

N��ringslivet rundt Hardangerfjorden, mykje interessant lesnad. Kompetansemiljø som høyrer heime i toppdivisjonen, fortel om mange flinke spelarar som gjer kvarandre god. Det er resultat av eit godt miljø med høg kompetanse. Lat oss ta vare på det.

Tekst: Sigurd Vikøren,  Foto: diverse
MEIR AKTUELT
Næringshagen i Hardanger
Næringshagen i Odda
Studiesenteret
Handalag
Trainee Indre Hordaland
Ungt Entreprenørskap
Hardangerrådet
Postadresse: 
Postboks 78, 5782 Kinsarvik
Besøksadresse: 
Kjobergbygget, Kinsarvik

Tlf: 53 67 14 50    
E-post: post@hardangerraadet.no
Følg oss
facebook
twitter
instagram
Hardangerrådet
Postadresse: 
Postboks 78, 5782 Kinsarvik
Besøksadresse: 
Kjobergbygget, Kinsarvik

Tlf: 53 67 14 50    
E-post: post@hardangerraadet.no
Følg oss
facebook
twitter
instagram
Lenkjer