toppbanner-hr

Moderne luksus i romantikkens venleik!

th sandven 1  image korr
Sandven Hotel, med aristokratisk venleik, og historisk pust frå ei svunnen tid. Eit bygg i sjarmerande sveitserstil, der det var eit yrande liv då turistbåtane la til kai, med 200 hestar med karjol som kunne ta turistane med på kjøretur i den flotte Hardangernaturen. Ikkje minst ville mange sjå og oppleva fossen dei hadde høyrt rykte om. Fossen du kunne gå bak, var ei oppleving ingen ville gå glipp av.
Mykje storfolk fann vegen til Sandven Hotel, og 4. juli 1889 kom ”Hohenzollern” til Norheimsund. Det var her Keiser Wilhelm av Tyskland, sette sine bein på norsk jord, for fyrste gong. Seinare hadde hotellet vitjing av mange kjende personar. Her budde Adolph Tidemand, i nærmiljøet kunne du treffa store personlegdomar som Ole Bull og Harald Sæverud.

Hardanger var tidleg eit attraktivt mål for turistar, og alt i 1834 var den fyrste lystyachten å sjå på fjorden. I 1869 kom Vøringen, den fyrste rute-båten. Med ein aukande turisttrafikk kom kravet om meir enn mat og seng. Naturen og ikkje minst Folgefonna gav sterke inntrykk. Men turistane etterspurde aktivitetar og turmål.

I 1875 sette hotellvert Nils Sandven opp ei kunngjering om bord i Vøringen; ”I Norheimsund hvor skibet ligger i 5,5 t, er anledning at bese den bekjendte Stensdalsfos og dens smukke omegn.” Fossen var ein magnet på turistar, og etter at det nye hotellet i Sveitserstil sto ferdig i 1897 auka turisttrafikken. Dette krov fleire og betre rom. Hotellet fyllte ut området mot fjøra, og planta hengebjørk, og gjorde det fint i hagen.

I 1898 Kjøpte Nils Sandven saman med to bergenserar Steinsdalsfossen, eller Øvtshusfossen som var det opphavlege namnet. Her bygde dei hytte i dragestil, der dei selde forfriskingar, og som framsynte forretningsmenn, så tok dei inngangs-pengar. 10 øre for å koma inn bak fossen.

Det var Nils Sjurson Skutlaberg, som seinare tok namnet Sandven, etter garden, som etablerte Sandven. Saman med bror sin leigde han ei Hardangerjakt, som han frakta landsens varer som kjøt, skinn og smør til Bergen med. På returen hadde dei med byvarer som kaffi, sirup og sukker. I 1845 begynte han sal av varer på bua på Sandven. Ei gamal stove som vart flytta frå Bergstø.

Fram til 1842 hadde det vore eit byprivilegium å driva handelsnæring. Nils søkte om å få handelsbevilling, men Amtsformannskapet gav avslag på søknaden fleire gonger. Fyrst i 1857 fekk han løyve, då på tilråding frå Futen og sorenskrivaren som var lite nøgde med prestegarden i Vikøy, som tingstad og losji. Løyvet vart gitt av Kong Oscar den 1. og hans 6 statsråder. 

Kongen og hans statsråder gav ikkje slike løyve, utan at det vart stilt klare krav. Betingelsane for å driva handel var fylgjande krav: Han måtte ha tingstove, vera skipsekspeditør, forsyna almugen med nødvendige varer, og han måtte driva herberge. 

Frå denne spede starten dreiv Sandven-familienhotellet gjennom 5 generasjonar, gjennom skiftande tider. Den siste var Olav Norvald Sandven. Etter han dreiv fyrst ei stifting hotellet, før Tron Bach overtok og dreiv fram til 2011, då Olav Thon kjøpte hotellet.

Det nye moderne Thon Hotel Sandven!
Det gamle sveitserhotellet er renovert og teke vare på som eit klenodium i sin klassiske stil. I tillegg er det planlagt ei oppgradering av alle romma i det gamle hotellet. Her er det 32 rom. 

Det er bygd stort nytt moderne hotell i tillegg, som inneheld 18 leiligheter, med frå 1-3 soverom. Barnevennlege facilitetar som høver til familiar som er på tur. Bueiningar som og høver særdeles godt til vener som er på tur nokre dagar. I tillegg har det nye hotellet 52 rom. Slik framstår no det nye Thon Hotel Sandven, som eit moderne hotell, som samstundes har teke vare på den aristokratiske venleiken, og det historiske pustet. Hotellet har kombinert dei to stilartane på ein framifrå måte.Jorunn Pile, dagleg leiar av hotellet, viser stolt fram alle fasilitetane Thon Sandven kan by på, noko ho har god grunn til. Utanom buarealet har hotellet tre konferansesalar, med inntil 200 plassar. Desse salane kan og brukast til konsertar og ulike typar festlege tilstellingar. I den gamle spisesalen er det plass til 100 gjester. Eit fasinerande hotell, der du kan oppleva romantikkens herskapleg sus, saman med det mest moderne og funksjonelle eit hotell av i dag kan by på.

Konferansefasilitetane har Jorunn stor tru på vil verta attraktive for mange. Ikkje minst med tanke på nærleiken til Bergen. Med den flotte hagen vår som går ned til fjorden, og den nye promenaden langs sjøkanten, er og eit opphald utandørs frå øvst hylle. I sommarhalvåret har vi ute-servering. Her kan vi og arrangera ulike happeningar og festar. Konsertar, der vi vil tilpassa oss både yngre og eldre sine krav. Hotellet er samarbeidspartnar og festivalhotell til Hardingtonar. Dette er ein årleg festival som blir halden same helg som den årlege trebåt-festivalen i Norheimsund. Vi ynskjer og å vera eit hotell for lokalmiljøet, både for bedrifter og private. Frå hotellet er det kort veg til ski-aktivitetar på Kvamskogen, seier ein engasjert dagleg leiar. Dermed er Thon Hotel Sandven og ein gunstig base for sportslege aktivitetar og opplevingar om vinteren.

Sandven er det optimale utgangspunktet for å oppleva Hardanger, heile året. Frå 1. mai går det snøggbåt til Eidfjord - Ulvik - Kinsarvik og Lofthus.

Thon Hotel Sandven, er det optimale utgangspunktet for ”Opplev Hardanger” Folgefonna - sommarskisenter - Fjell- og fjordturar - Trolltunga - og alt det andre vakre! Du kan bu med fjorden og oppleva byen, Bergen, innan ein times tur, seier Jorunn!


Tekst:  Sigurd Vikøren  Foto: Thon Hotel Sandven og Kvam herad
MEIR AKTUELT
Næringshagen i Hardanger
Næringshagen i Odda
Studiesenteret
Handalag
Trainee Indre Hordaland
Ungt Entreprenørskap
Hardangerrådet
Postadresse: 
Postboks 78, 5782 Kinsarvik
Besøksadresse: 
Kjobergbygget, Kinsarvik

Tlf: 53 67 14 50    
E-post: post@hardangerraadet.no
Følg oss
facebook
twitter
instagram
Hardangerrådet
Postadresse: 
Postboks 78, 5782 Kinsarvik
Besøksadresse: 
Kjobergbygget, Kinsarvik

Tlf: 53 67 14 50    
E-post: post@hardangerraadet.no
Følg oss
facebook
twitter
instagram
Lenkjer