toppbanner-hr

Homlagarden

bt haner med fjord 1 -2014
Kvar morgon flaksar hundrevis av kalkunar ned mot frukttre og grøne bakkar på Homlagarden i Hardanger.
Dei meskar seg i natureng med blomar og frodig gras, ville bær og urteplanter. Naskar til seg litt eple og plomme i ny og ne, snappar insekt i skogbrynet, jordbadar og lever glade dagar i det fri. Om ettermiddagen vandrar dei heim til kveldsmat og kvile. Homlagarden sine kalkuner går fritt på beite kvar dag. Dei får økologisk fôr og mykje mosjon.

Dette gjer at fuglane får ein seinare og naturleg vekst som gir kjøtet fylde, farge konsistens og smak av beste kvalitet!

Økologisk fôr inneheld dei beste råvarer utan restar av sprøytemidlar og inneheld ikkje koksidiostatika (Narasin). Fuglane får rein og naturleg mat. I tillegg har dei god plass både inne og ute. Økologisk fôr, uteliv, god plass og god hygiene styrkjer trivsel og helse.

Bruket som vart kjøpt i 1974 ligg fritt til over fjorden på Aksnes i Kvam i Hardanger. På flyttelasset hadde me med ti kalkunkyllingar. Sidan den gongen har kalkunflokken vakse til fleire tusen fugl. I tillegg til at levebrødet var keramisk kunsthandverk har der vore drive eksperimentelt jordbruk på bruket etter den tida.

Økodrift Homlagarden AS vart etablert i 2007. Verksemda har no 3 tilsette i administrasjonen og 8 sesongarbeidarar i slakteriet og drifta. Årsproduksjon er på kring 120 tonn økologisk kalkun og kylling.

Homlagarden har utvikla seg til ei innovativ økologisk verksemd som skaper aktivitet i lokalmiljøet. Me har etablert langvarige avtalar om driftssamarbeid med bønder i distriktet og gode leveringsavtalar for kjøtet over heile landet. Homlagarden eig og administrerer produksjonen, men leiger bygg, areal og arbeidskraft frå samarbeidande bruk. Til dømes leiger me sauefjøs og heimebeiter til oppal av kalkun når sauen er til fjells sumartid. Ein vinn-vinn situasjon for bonden som får leigeinntekt for fjøset, beita vert haldne i hevd og er klare til bruk når sauen kjem frå fjellet.

Tre drivhus og to grisehus med areal har vorte byggd om og teke i bruk for oppdrett av økologisk kalkun og kylling.

Homlagarden har i dag eige klekkeri, 3 kyllinghus og 6 lokali-tetar med beiteareal for oppdrett av fuglane, eige økologisk og godkjend fjørfeslakteri, nytt moderne  pakkeri med fryseri og lagerfasilitetar. Me distribuerer sjølv varene i kjøl-/frysebil til grossist, butikk eller transportør. 

Homlagarden er i ekspansjon og fleire av våre faste kundar etterspør meir økologiske varer. Særleg kylling og økologiske egg, men også leveransar av and, vaktel, gås, svin og lam.

omlagarden har no pakkeri og logestikk med distribusjon og er difor interessert iå koma i kontakt med fleire gardsbruk å samarbeida med.

Skal det i framtida også vera liv laga på denne planeten, meiner eg all menneskeleg aktivitet bør dreiast mot økologisk tenkemåte og handling. Dette er noko av drivkrafta bak drifta i Homlagarden.
MEIR AKTUELT
Næringshagen i Hardanger
Næringshagen i Odda
Studiesenteret
Handalag
Trainee Indre Hordaland
Ungt Entreprenørskap
Hardangerrådet
Postadresse: 
Postboks 78, 5782 Kinsarvik
Besøksadresse: 
Kjobergbygget, Kinsarvik

Tlf: 53 67 14 50    
E-post: post@hardangerraadet.no
Følg oss
facebook
twitter
instagram
Hardangerrådet
Postadresse: 
Postboks 78, 5782 Kinsarvik
Besøksadresse: 
Kjobergbygget, Kinsarvik

Tlf: 53 67 14 50    
E-post: post@hardangerraadet.no
Følg oss
facebook
twitter
instagram
Lenkjer