toppbanner-hr

Havbruksnæringa

laks-i-hav-536999b8-a9cf-4c62-900b-3c95f234c576
Alle som bur rundt Hardangerfjorden veit at i fjorden har vi oppdrett av fisk. Mange har sterke meiningar om mykje rundt det. Men, kva veit vi om denne næringa? Kven er dei? Kva driv dei eigentleg med? Kor mange arbeidsplassar er det i næringa? Kor store er ringverknadane?  Kva økonomiar snakkar vi om? Kor mykje mat produserer havbruksnæringa?
Frå sidelinja ser det ofte ut som næringa berre er på banen når det er fisk som har rømt, eller debatten om lakselus blomstrar opp. Då må næringa svara på skuldingar som blir framsett. Slik spelar dei mykje på bortebane, og der blir det som kjent ofte mindre poeng av.

Kva næringa eigentleg står for, kva dei sjølve er oppteken av og korleis dei tenkjer om næringa si framtid har dei vore dårleg på å dela med oss andre rundt fjorden. I Hardangerfjordmagasinet trur vi at alle vil vera tent med at ein så stor og viktig næring deler med naboane sine kva dei driv med.

På denne bakgrunn har vi utfordra havbruksnæringa. Leiarar i bedriftene er samde i at dei har vore for lite flinke til å informera oss om kva næringa driv med. I magasinet har no alle dei som driv i bransjen, og har aktivitet i Hardangerfjorden, sagt ja til å fortelja med eigne ord kven dei er, kva dei driv med og kva dei tenkjer om framtida. På dei fylgjande sidene kan du blir meir kjend med bransjen og dei som har sitt daglege tilhald her.

Hardangerfjordmagasinet har ingen tankar om å kosta under teppet at havbruksnæringa har utfordringar. Næringa sjølv er kanskje meir klar over problema enn dei fleste, og kva utfordringar dei har. I dei rundane eg har hatt med næringa er det ingen som har eit anna svar på dette med luseproblemet, enn at ”dette løyser vi.” I magasinet kan du lesa om kva tiltak næringa jobbar med, så får du gjera deg opp di eiga meining om dette er ei seriøs næring som vil nå dei måla dei jobbar mot. Sjølve seier leiarane i nærina, at dei ikkje har noko val. Luseproblemet må løysast.

Det er utfordrande å skriva om mengda av mat som blir produsert, fordi tala er så store at vi ikkje heilt har noko forhold til slike tal. Eit døme; Lingalaks produserer 1 % av volumet av laks i Noreg. Slaktevekta på kvar fisk er ca. 5 kg. Pakkar du årsproduksjonen til Lingalaks i øskje på 20 kg. og set dei på vegen etter kvarandre, så når rekkja frå Bergen til Svinesund.

Reknar du at ein laksemiddag består av 250 gram, så vil produksjonen i Hardangerfjorden gje nær 600 millionar måltid. Reknar vi at det bur 5 mill. i Noreg, så kan produksjonen i Hardangerfjorden gje alle nordmenn middag kvar dag i 4 månader.

Ein mær som laksen går i kan vera 35 meter djup. Kvinnherad er Hordaland sin nest største landbrukskommunen. Samla leverar denne næringa 750 tonn kjøt. Ein einaste mær i Hardangerfjorden produserer meir fiskekjøt. Det fortel noko om kva dimensjon denne næringa har.

I mange samanhengar vert det (med rette?) peika på at matforsyningsgraden i Noreg er låg. Tek vi med fisk, så vert dette reknestykket ganske annleis.

Tekst: Sigurd Vikøren

------------------------------------------------------------------------------
 

Fakta

Ringverknadsanalyse Region Hordaland 2013

Av Hordalands-tala er ca. 70 % produksjon i Hardangerfjorden.

Av 1203 direkte tilsette i fjordbruk er då talet for Hardangerfjorden, 840

70 % av foredling og andre arbeidsplassar knytt til land, slakting foredling mm. 500

Transport/handtverkarar/kjøp av tenester, tilseier at multiplikatoren/ fiskeridirektoratet brukar er 1,5. 

I noko av næringa er denne multiplikatoren høgare, men for å gjera det enklast råd, og halda seg på til lågaste tala, så tar vi i alle høve ikkje for mykje i. 

Då kan vi visa til at havbrusnæringa/fjordbruk knytt til Hardangerfjorden har formidable 2010 arbeids-plassar.

Produksjon i 2013 i Hordaland  
= 200.000 tonn – 70 % av dette blir produsert i Hardangerfjorden, det er 140.000 tonn. 

Fordeling laks – aure er ca. 80 – 20 %

Reknar vi ein middag til å vera 250 gram, så blir det 560 000 000 måltid av fisken frå Hardangerfjorden.

Omsetning er ca. 4,5 milliardar kroner. Overskotet i næringa knytt til Hardangerfjorden ekskl. ringverknader = ca. 1,19 milliardar kroner.

FHL – Sjømat Noreg
Bransjeorganisasjon – Havbruksnæringa 
– 400 bedrifter – NHO-org.
MEIR AKTUELT
Næringshagen i Hardanger
Næringshagen i Odda
Studiesenteret
Handalag
Trainee Indre Hordaland
Ungt Entreprenørskap
Hardangerrådet
Postadresse: 
Postboks 78, 5782 Kinsarvik
Besøksadresse: 
Kjobergbygget, Kinsarvik

Tlf: 53 67 14 50    
E-post: post@hardangerraadet.no
Følg oss
facebook
twitter
instagram
Hardangerrådet
Postadresse: 
Postboks 78, 5782 Kinsarvik
Besøksadresse: 
Kjobergbygget, Kinsarvik

Tlf: 53 67 14 50    
E-post: post@hardangerraadet.no
Følg oss
facebook
twitter
instagram
Lenkjer