toppbanner-hr

Den grøne prosess-aktøren Tizir

 mg 5576
Du trur det ikkje før du får sjå det!  Eller, kven skulle tru at vi kan presentera ein aktør i prosessindustrien som ei framtidig ”grøn verksemd?” Tyssedals-bedrifta Tizir, har i alle høve lagt ambisiøse planar for ei grønare framtid. Det er ikkje berre eit luftslott. Eg har vore å snakka med; for å sitera Ingvard Mo,... dei som har noko med det….!
Harald Grande adm. dir i Tizir i Tyssedal fortel at dei neste 10 åra skal Ilmenitt-smelteverket investera 6 milliardar kroner og tilsetja 100 nye medarbeidarar. Samstundes skal co2 utsleppa reduserast med 90% og den totale energibruken skal reduserast med 60 % av dagens forbruk. Rett nok skal verket bruka litt meir el-kraft, men kol, som er ein stor komponent i dagens produksjon, skal bytast ut med hydrogen-gass.

Harald Grande er heilt open på at alle formelle vedtak som må til, enno ikkje er fatta, men dette er ein gjennomarbeida og gjennomtenkt strategi som byggjer på eigen kompetanse, og ynskje om å ta ein leiande posisjon for utviklinga av ein grønare prosess-industri, og trua på at det vil bli lønsamt for Tizir, for Tyssedal, Odda og eigentleg alle oss andre.

Ilmenittsmelteverket i Tyssedal er ikkje lett å få auga på, der det ligg på ei eit tusen, fem hundre meterer lang hylle, rett over fjorden. Akkurat høgt nok over sjøen, til å skaffa bedrifta svært gode kai-facilitetar. Her, godt gøymt mellom høge fjell og slette berg, finn vi truleg verdas fremste kompetanse på korleis prosessindustrien skal ta steget inn i vårt framtidige grøne samfunn.

Historikk!
I 1916 vart DNN Aluminium etablert i Tyssedal. Etter kvart hadde det gamle smelteverket sett sine beste dagar, og etter litt at og fram vart det i 1979 bestemt i regjeringa, at det skulle byggjast nytt aluminiumsverk i Tyssedal. Så kom det ny regjering, og på tidleg 80-tal, så vart planane stoppa. For å gjera ein lang historie kort, så vart det bestemt å heller byggja eit Ilmenitt-smelteverk. Dette var under den kalde krigen, og det var viktig å halda oppe aktiviteten på Svalbar, og ha avtakarar til kolet frå den nye Svea-gruva. Å bruka norske ressur-sar var inn i tida, og eit ilmenitt-smelteverk ville i tillegg bruka mindre elektrisk straum, noko ein då trudde det kunne bli knapp tilgang på. I perioden 1983 – 1986 vart verket bygd, kostnadsrekna til 1,2 milliardar kroner, og det nye verket var prosjektert av Elkem. Dette var eit heilt nytt konsept, så ein kunne ikkje henta lærdom frå andre ilmenittverk, då alle var ulikt organisert. Dette medførte store start-problem, og Harald Grande seier at det gjekk 20 år før verket nådde den kapasiteten som det var designa for. - Det har kosta mange hundre millionar å få kontroll over prosessen, og hadde det ikkje vore for at det i Tyssedal var så mange, med så mykje kompetanse innan prosess-industri, så hadde vi aldri fått dette til. Alt knytt til prosessen var hemmelig, og difor var det ingen kompetanse å henta frå andre aktørar. 

I Tyssedal måtte dei tilsette byggja stein på stein, og det har vore eit langt lerret å bleikja. -Det har vore å prøva og feila, læra den harde vegen, og skaffa seg kompetanse frå A - Å. Vi måtte læra oss å kontrollera prosessen og å utvikla nytt utstyr. Samstundes har bedrifta under vegs utvikla eit nært og godt tilhøve til skuleverket. Kompetanse er ein heilt sentral nøkkel, seier Harald Grande.

I dag, i ettertid kan vi seie at denne vanskelege prosessen, saman med samarbeidet med skuleverket, er det som har skaffa fram den kunnskapen og kompetansen som ligg til grunn når ein no planlegg å endra prosessen, og gå over til å bruka hydrogen i staden for kol. Stort tolmod, og vilje til å utvikla eigen kompetanse kan no vera eit berande element i det som vi vonar blir ei gullkanta investering for framtida.

Produksjonen
2/3 av produksjonen i Tyssedal er titanrikt konsentrat, medan 1/3 er spesial-jern HPTI. Det titanrike konsentratet blir i dag brukt i eit spekter av varer med stor bredde. I hovudsak blir det brukt til pigment. Om du ser på maling, så er basisen kvit, dette skuldast titanpigmentet og om lag 20 % av vekta i eit malingsspann skuldast dette. Når du kjøper maling, blir det blanda inn ein liten skvett farge for å gje deg kuløren du ynskjer. Maling kan ikkje attvinnast, slik at det trengs stadig nytt pigment for å skaffa fargar. Titanpigment blir og brukt i solkrem, tannkrem, fiskepudding og plast for å nemna noko. Stoffet er heilt ufarleg, og sjølvsagt ikkje giftig, sidan det blir brukt i mat.

Siste tredjedelen av produksjon på Tizir er jern, veldig reint jern. Faktisk så er det 99,9 % reint. Støypegodsindustrien brukar dette som vi kallar seigjern. Det blir brukt m.a. i vindmøller, som råme for generator og gir. Det går med 30 tonn i ei vanleg vindmølle, og vår produksjon, er nok til 3.000 vindmøller årleg. Dei produserar 25 Twh i året med fornybar energi.

- Dette betyr at vi er i ferd med å bli ei grøn bedrift, som bidrar til produksjon av fornybar energi. Vi er i ferd med å fornya anlegget vårt, noko som eg meiner vil vera med å setja eit miljømessig fotavtrykk, seier Harald Grande.

I dagens produksjon brukar vi årleg 100.000 tonn kol som reduksjonsmiddel for å redusera jernoksyd til metallisk jern. Dette medfører eit betydeleg punktutslepp av co2. 300.000 tonn årleg. Vi skal byta ut kolet med hydrogengass som gjev HO2 - vatn. Dette inneber at vi reduserer co2 utsleppa våre med 90%, samstundes som vi reduserer spesifikt vår bruk av energi kol/el. med 60 %.

Vi skal byggja om verket gjennom 4 trinn. 1. trinn startar i 2015, der vi gjennom ein 3 mnd.-periode skal bruka 500 mill. kroner for å klargjera for trinn 2 – 3 – 4. Desse trinna skal gjennomførast over ein 10-års periode, og vi har ei råme for investering på 6 milliardar kroner. Dette inneber og at vi meir enn doblar produksjonen og får opptil 100 nye arbeidsplassar

Tizir har starta opp ei gruve i Senegal som gjev råvarer til noverande og framtidig produksjon. Dette er ein sentral del av den grøne satsinga i Tyssedal. Sidan 2012 har vi investert 700 mill. dollar i gruva.

1 tonn jern gjev 1 ½ tonn co2 utslepp. Co2 utslepp knytt til stålproduksjon utgjer 15 % av alle co2 utslepp i verda. 50 milliardar tonn i året. Vår modell vil kunna redusera utsleppa med 2/3, og då snakkar vi om store effektar på globalt nivå.

- Vi ynskjer å ta ei leiande rolle mot fornybarsamfunnet, og handlar i tråd med Koyoto 2050-måla. Vi ynskjer ikkje å klaga å syta, men heller utnytta dei mulighetene som finnest i landet. I Noreg har vi etablert godt fungerande system av investeringsstøtte gjennom ENOVA, seier prosess-direktøren, som verkeleg legg for dagen eit framtidsretta måte å tenkja på, mot eit grønare samfunn.

- Likevel tek Tizir på seg ein betydeleg risiko gjennom denne omlegginga, seier Harald Grande. Vi må tru på billig framtidig el-pris. Vår satsing er basert på vurdering av at kostnaden med å forureina i framtida vil bli betydeleg dyrare. Samstundes vil vi skaffa oss ein leiande posisjon innan rein teknologi. Vi trur det vil gje oss eit fortrinn, og styrkja oss i framtida.

Sjølv med usikre faktorar i område elpris/kostnad med utslepp. Så trur vi at auka kompetanse på framtida sin teknologi, skal plassera Tizir i eliteserien, i den øverste divisjonen, og gje oss solide bein å stå på i framtida. Vi meiner at i arbeids-stokken vår, saman med samarbeidet vi har med skuleverket, så har vi, og vil få tilgang på ”spelarar” som har kompetansen som krevst for å vera i toppen av den øvste ligaen, og det er der Tizir ynskjer å vera.


Fakta
Adm. dir for den grøne satsinga, er Harald Grande, ein sunnmøring frå Volda. Kom til Tyssedal på tidleg 80-tal som prosjektingeniør. Steig etter kvart i gradene. Tok over jobben som adm. dir. i 1998, slik at Harald no nærmar seg 20 år i sjefsstolen. Har småbruk med båt på Bømlo, og er glad i friluftsliv, jakt og fiske. Har nyleg felt sitt fyrste reinsdyr. Er hobbysnekkar, og gift med Bente.

Ho er og ingeniør, men, på Boliden. Saman har dei 3 born, som sjølvsagt er ingeniør, eller på veg til å bli det. Direktøren på Tizir, og ingeniøren på Boliden er nett blitt besteforeldre. Oddsen på at det blir ein ny ingeniør blir du ikkje rik på. ”Grønt er skjønt” Hardangerfjordmagasinet vonar den sympatiske sunnmøringen saman med alle dei gode hjelparane i Tyssedal når sine mål!

Tekst:  Sigurd Vikøren,  Foto: Sigurd Vikøren og Tizir
MEIR AKTUELT
Næringshagen i Hardanger
Næringshagen i Odda
Studiesenteret
Handalag
Trainee Indre Hordaland
Ungt Entreprenørskap
Hardangerrådet
Postadresse: 
Postboks 78, 5782 Kinsarvik
Besøksadresse: 
Kjobergbygget, Kinsarvik

Tlf: 53 67 14 50    
E-post: post@hardangerraadet.no
Følg oss
facebook
twitter
instagram
Hardangerrådet
Postadresse: 
Postboks 78, 5782 Kinsarvik
Besøksadresse: 
Kjobergbygget, Kinsarvik

Tlf: 53 67 14 50    
E-post: post@hardangerraadet.no
Følg oss
facebook
twitter
instagram
Lenkjer