toppbanner-hr

Alvin Vestrheim med lyd i løo!

a bilde
Den 8. januar 1975 skjedde eit storhende. Gode gener frå Øystese og Gravsend, i Kent, Great Briten, var blanda til noko som vart  materialisert denne dagen, og skulle bli til glede og hugnad, ikkje minst for musikklivet rundt Hardangerfjorden.
Berre minuttar etter fødselen låg den vesle halv-kvemmingen lett henslengt med vidåpne augo, og tromma lett med fingrane. Litt seinare, avslørar 8 mm film frå feriar stort Elvis-talent på ein tidleg stadium i eigen evolusjon.

I ung alder auka markeringsbehovet, og det vart investert i trommer. Likevel gjekk det seg til, og alt som sjuåring var talentet lokalisert, og ein stø kurs vart staka ut. Hovedfokuset var lagt der det skulle vera, på bass.

Når han entra tenåra, så deltok guten med gener frå John Lennon sitt heimland, både i ungdoms-kor og -orkester, saman med mellom andre Torstein Lofthus. Samstundes kom interessa for elektronikk snikande. Det vart elektro grunnkurs og folkehøgskule med musikk/media, før han hamna på Stord på musikkgymnas. Stordopphaldet kulminerte sjølvsagt med ein strålande 6ar på avsluttande examen, på hovudinstrumentet elbass. 

I alle desse åra deltok Alvin i orkester som spelte på eit utal av lokale revyar. Alvin har vel eigentleg alltid hatt eit eller anna orkestar, som han har spelt med på pubar, dansar og liknande.

Lyd i Løo vart etablert i 2007, og stod ferdig slik Løo er i dag, januar 2012. I Løo har Alvin eige plateselskap, og ein naturleg samarbeidspartnar med mastring på store produksjonar, er sjølvsagt Abbey Road i London. Studioet i Løo har vore nytta av lokale artistar, unge talent, og etablerte band.

Alvin var med å starta Bygdalarm, som er ein festival i Øystese, som vart etablert i 2007. Året som i kinesisk astrologi var grisens år. Manch. United vann Premier leauge, og Chelsea FA cupen, samstundes så låg finanskrisa på lur. Bygdalarm har overlevd alt, og her sit Alvin framleis i styret, og er produksjonsansvarleg for festivalen.

I Løo vart ”Cowboyhjarta” med Lothepus produsert og gitt ut i 2014. Plata selde meir enn 8.000 eksemplar, og sel framleis godt. I løo produserte Alvin debutalbumet til  Tiebreaker, som har hausta strålande kritikkar.

Guten med både Kent-aksent og Hardingtonar, har og ein ”vaksenjobb” på Styve Gard. Ein institusjon som jobbar med ungdom med rus- og adferds-problem, ungdomar som er plassert på garden gjennom barnevernet.

Alvin føl med på det lokale musikklivet i Hardanger, og vil gjerne vita meir. Dersom du sit på kunnskap om talent, eller kjennskap til andre musikk-skattar frå den vakre landet rundt Hardangerfjorden, så er Alvin mannen å ta kontakt med.

Tekst: Sigurd Vikøren
MEIR AKTUELT
Næringshagen i Hardanger
Næringshagen i Odda
Studiesenteret
Handalag
Trainee Indre Hordaland
Ungt Entreprenørskap
Hardangerrådet
Postadresse: 
Postboks 78, 5782 Kinsarvik
Besøksadresse: 
Kjobergbygget, Kinsarvik

Tlf: 53 67 14 50    
E-post: post@hardangerraadet.no
Følg oss
facebook
twitter
instagram
Hardangerrådet
Postadresse: 
Postboks 78, 5782 Kinsarvik
Besøksadresse: 
Kjobergbygget, Kinsarvik

Tlf: 53 67 14 50    
E-post: post@hardangerraadet.no
Følg oss
facebook
twitter
instagram
Lenkjer