ULLENSVANG KOMMUNE

Sørfjorden (Foto: Reisemål Hardanger Fjord)
Kommunen grensar i nord mot Voss herad og Ulvik herad, i nord og aust mot Eidfjord kommune, i aust mot Vinje kommune i Telemark fylke, i sør mot kommunane Sauda og Suldal, og i vest mot Kvinnherad kommune. Vest for Hardangerfjorden ligg Kvam herad. Lokalavisa Hardanger Folkeblad («Folkablae»), som kjem ut i Odda, dekkjer Ullensvang kommune.

Kommunen ligg på båe sider av Sørfjorden i Hardanger, på sør- og nordsida av Utnefjorden, på vestsida av indre Samlafjorden, på vest- og austsida av den sørlege delen av Eidfjorden. Langs Samlafjorden ligg gardane Litlås og Storås, Kvalvik, Alsåker, Vines, Lote og Hesthamar. På sørsida av Utnefjorden ligg Utne, på nordsida Tjoflot og Ulgenes. På vestsida av Eidfjorden ligg Kaland og Djønno, på austsida Ytre Bu og Ringøy. Nordaust for innlaupet til Sørfjorden liggKinsarvik. På austsida av Sørfjorden ligg Urheim, Lutro, Lofthus, Opedal, Børve, Sekse, Hovland, Espe og Fresvik. På vestsida av Sørfjorden, nordover frå Odda mot Utne ligg Kvitno, Eikhamrane, Måge, Bleie, Reidsete, Vikebygd, Nå, Rogdo, Aga, Velure, Jåstad, Haustveit, Hauso, Grimo, Langasete og Trones.

Kjelde: Wikipedia