Jondal kommune ligg på Folgefonnhalvøya på sørsida av Hardangerfjorden. Kommunen grensar motOdda og Kvinnherad kommunar i sør, mot Ullensvang herad i aust og nordaust og mot Kvam herad i vest og nordvest.
Dei fleste innbyggjarane bur i Kysnesstrand, Torsnes, Solesnes, Svåsand, Jondal og Herand. Innover mot Folgefonna ligg bygdene Nedre og Øvre Krossdalen.
Delar av isbreen Folgefonna ligg i kommunen. Folgefonn sommarskisenter gjev vintersportstilbod mestedelen av året. Kommunevåpenet for Jondal viser tre skråstilte båtshakar, i gull på raud botn.
Kjelde: Wikipedia