Utstilling Yngve Henriksen

Utstilling Yngve Henriksen
Utstilling Yngve Henriksen

Kontakt

Sted
Kvinnherad

Adresse:
Guddalsvegen 181, 5472, Kvinnherad

Telefon 95 78 63 22
mail gguddal@online.no
web https://galleriguddal.no/

Kart

GPS koordinater

Breddegrad: 59.96261
Lengdegrad: 6.02588

Beskrivelse

Første gong vi fekk sjå Henriksen sine vakre måleri i galleriet var i 2006. Sidan i 2011.
Men altså no første gong i lokala i Guddal. Kunstnaren bur og arbeider i Lofoten.

Her er han også fødd og oppvaksen. Livet og landskapet der er det viktigaste kjeldematerialet. Gjennom arbeida sine formidlar han tilstandsrapportar derifrå. Tittelen på utstillinga refererar til stemningar og overgangar som oppstår når lyset trekkjer seg tilbake.

Når landskapet lukkar seg og vert oppløyst oppstår det eit rom der ytre og indre tilstandar blir forent.
Han prøver å formidla fragment av slike tilstandar, der landskapet reflekterar ulike nyansar av vemod og lengsel, sorg og håp. Tilstandsrapportene handlar om mental stadtilhøyrigheit som følgje av den fysiske nærleiken til omgjevnadane.

Utstillinga omfattar måleri utført i tempera / olje på lerret frå dei siste fire åra.
Henriksen har si kunstutdanning frå Statens Kunst- og håndverksskole i Bergen (1990) og har sidan vore ein aktiv utstillar i inn- og utland. Både offentlege og private utsmykkingsoppdrag samt innkjøpt av ei lang rekkje offentlege og private verksemder.

Tider

15.05.2021 - 19.06.2021
mandag - tirsdag - onsdag - torsdag - fredag - lørdag - søndag

Relaterte produkter