Utstilling: Visuelle nabolag

Utstilling: Visuelle nabolag
Utstilling: Visuelle nabolag

Kontakt

Sted
Kvam

Adresse:
Hardangerfjordvegen 626, 5610, Kvam

Telefon 47479987
mail post@kabuso.no
web https://kabuso.no/program_/visuelle-nabolag/

Kart

GPS koordinater

Breddegrad: 60.38804
Lengdegrad: 6.2012

Beskrivelse

Visuelle nabolag er ei vandreutstilling frå Nasjonalmuseet som for tida vert vist i Kunsthuset Kabuso

Nasjonalmuseet med skråblikk på eiga samling;
syner uventa fellestrekk mellom kunst, design og arkitektur.

Nasjonalmuseet si samling inneheld vidt ulike disiplinar som skulptur, arkitekturskisser, møblar, video, kunsthandverk, foto, grafisk formgjeving, maleri, tekstil og industridesign.
Men kva skjer når ein set slike ulike kunstnarlege uttrykk og media opp mot kvarandre i ei og same utstilling?

Visuelle nabolag utfordrar publikum til å utforska uventa møtepunkt mellom kunst, design og arkitektur som fordrar til nye kunsthistorier. Gjennom ufrivillige likskapstrekk mellom ulike media eller tematiske kontrastar søkjer utstillinga å visa korleis kunsten frå ulike epokar kan spegla museet si historie og samfunnet me lever i i dag.

Kunstnarar som er representerte i utstillinga er m.a.:

Andy Warhol
Peter Opsvik
Hans Gude
Stiletto
Kåre Kivijärvi
Helen & Hard
Per Kleiva

Tider

31.10.2020 - 17.01.2021
onsdag - torsdag - fredag
31.10.2020 - 17.01.2021
lørdag - søndag

Relaterte produkter