Sy bringklut

Sy bringklut
Sy bringklut

Kontakt

Sted
Ullensvang

Adresse:
Museumsvegen 36, 5778, Ullensvang

Telefon 47479884
mail post@hvm.museum.no
web www.hardangerfolkemuseum.no

Kart

GPS koordinater

Breddegrad: 60.42597
Lengdegrad: 6.61841

Beskrivelse

Hardanger folkemuseum og Folgefonn husflidslag arrangerer fleire helgekurs der me tek for oss dei ulike teknikkane som er nytta til bringklut. På dette kurset får du læra å sy Holmajomfrubringklut eller hjartebringklut. Ein vel sjølv om ein vil sy det eine eller det andre. Ein kan og sy andre bringklutar på raudt klede, t.d. med perlenett.
Holmabringkluten, eller holmajomfrubringklut, har namnet sitt etter systrene Kølle som budde i Holmen i Ulvik tidleg på 1800-talet. De sydde mange bringklutar for sal, og er særleg kjend for bringklutar med applikerte åttebladroser.
Hjarteforma kom på moten kring 1840, og var nytta som motiv på fleire bringklutar. Ofte nytta ein stråperler til å laga hjartet, og pynta inni med både stråperler og andre perler.
Museet og husflidlaget sett opp to helgekurs i holmabringklut og hjartebringklut hausten 2021, med Agnete Sivertsen som kurslærar. Det eine kurset vert laurdag 13. og sundag 14. november. Det andre kurset vert laurdag 20. og sundag 21. november. Begge kursa vert halde på Hardanger folkemuseum, kl 09.30 – 17.00.
Påmelding til post@hvm.museum.no /474 79 884 innan 20. oktober 2021
For spørsmål, ta gjerne kontakt med Agnete Sivertsen, agnete.sivertsen@hvm.museum.no /95934698
Pris: Kr 3000,- for medlem i Folgefonn/Norges husflidslag, 3500 for ikkje-medlem. Kurset inkluderer kaffi, kaker og varm lunsj begge dagane.

Tider

20.11.2021 - 21.11.2021
lørdag
20.11.2021 - 21.11.2021
søndag

Relaterte produkter