18. februar kl. 19.00 er det torsdagsføredrag på Hardanger fartøyvernsenter! Denne kvelden skal omhandle Røde Kors og den viktige jobben dei gjer på sjøen.
Me får besøk av frivillig i Røde Kors, Andreas Aldeholm, som skal fortelje om reelle hendingar, og me skal mellom anna også høyre om natta då fregatten «KNM Helge Ingstad» kolliderte med tankskipet «Sola TS» i Hjeltefjorden utanfor Bergen i 2018. Ein tragisk ulukke med eit omfattande etterspill.
«Røde Kors hjelper menneske i Norge og internasjonalt. Våre frivillige er til stades for menneske somtreng støtte og hjelp. Røde Kors har over 200 båtar i beredskap langs heile kysten, og 65 av landets 280 hjelpekorps har spesialisert seg på søk og redning på sjø og vatn.»
Arrangementet vert gjennomført i tråd med gjeldande retningslinjer for smittevern.
OBS: Inngang kr 100,-. Maks 20 deltakarar. Billettar på TicketCo. Kun restsal i døra!
Lenke: https://fartoyvern.ticketco.events/no/nb/e/roede_kors_paa_sjoeen
Open kafé og museumsbutikk.
Velkomen!