Piratar og kaperfart under Kristian Kvart

Piratar og kaperfart under Kristian Kvart
Piratar og kaperfart under Kristian Kvart

Kontakt

Kart

GPS koordinater

Breddegrad: 60.36654
Lengdegrad: 6.14733

Beskrivelse

Torsdag 22. oktober kjem historikar Marie Berger Nicolaysen frå UiT til Hardanger fartøyvernsenter for å fortelja om piratar og kaperar!
Kristian 4. regjerte frå 1596-1648, i ei tid då Danmark-Noreg var ein av dei fire største sjøfartsnasjonane i Europa. Han var oppteken av å sikre herredømmet over dei nordlege farvatn, og sette mykje prestisje og pengar inn i ein sterk marine. Ei av hovudoppgåvene til flåten, som han vart kalla, var å patruljere i dansk-norske farvatn etter piratar og kaperar. Tida var også prega av mange krigar, og desse er bakgrunnsteppet piratane og kaperane opererer i.
Skiljet mellom piratar og kaperar var framleis diffust på denne tida, og mange kjøpmenn måtte ta høgde for å bli røva på havet. I føredraget vil vi få høyre kva som var forskjellen på ein pirat og ein kaper, kva flåten gjorde for å sikre farvatna, samt sjå på eit par døme på plyndringar av dansk-norske handelsskuter frå regjeringstida til Kristian Kvart.

Velkomen!

OBS: Begrensa antal grunna korona! Om du vil være heilt sikker på å få billett kan denne kjøpast i museumsbutikken innan føredraget!

Inngang kr 100 (i døra)
Open kafe og museumsbutikk.

Tider

22.10.2020 - 22.10.2020
torsdag

Relaterte produkter