På eitt pust - alt du kan gjera på 44,5 sekund

På eitt pust - alt du kan gjera på 44,5 sekund
På eitt pust - alt du kan gjera på 44,5 sekund

Kontakt

Sted
Kvam

Adresse:
Sandvenvegen 50, 5600, Kvam

Telefon 47974363
mail line.larsen@hvm.museum.no
web www.fartoyvern.no

Kart

GPS koordinater

Breddegrad: 60.36646
Lengdegrad: 6.14736

Beskrivelse

Aleksander Nordahl har i mange år vore ein av dei fremste reportasjefotografane i Noreg. Han har jobba i NTB, Dagbladet og i Dagens Næringsliv - der han jobbar i dag. Han har vunne mange prisar for sine fantastiske bilete, dei har også vore utstilt forskjellige stadar, mellom anna under «Passion for Ocean» festivalen i Oslo tidlegare i år, og på fotogalleriet Ellingsen & Worsøe i Stavanger. Han har og halde føredrag på «Camp Villmark», «Båtmessen» og ei rekkje havfestivalar som «Havet i Operaen» og «Sea Skrova», og i prosjektet «På eitt pust» fangar han augneblink frå ei verd me sjeldan får oppleva.

Torsdag 30. april 2020 kl. 19.00 kjem han til Hardanger fartøyvernsenter for å fortjelja om sin enorme lidenskap for fridykking og undervassfotografering.

I ein artikkel til Harvest Magazine tidlegare i år uttaler han:

«Jeg svømmer med kameraet mitt. Jeg fanger øyeblikkene. Jeg er avhengig av å være like god som de fridykkerne jeg følger, for jeg tror bildene får en helt annen kvalitet når jeg gjør det samme som dem. Det handler om å mestre omgivelsene. Når du som fotograf er på Stortinget eller i Aleppo handler det om å mestre forholdene, og det er det samme i havet»

Gå ikkje glipp av ein særs fascinerande føredragskveld som utan tvil vil få deg til å halde pusten.

Om du ikkje kan venta så lenge kan du sjekke ut heimesidene: https://ettpust.com/ eller https://www.instagram.com/freedivingnorway/

Inngang kr 100,- (i døra)
Open kafé og museumsbutikk

Velkomen alle!

Tider

30.04.2020 - 30.04.2020
torsdag

Relaterte produkter